Andoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andoma
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 570 km²
Lengd 156 km
Munning Onegasjøen
Kart
Andoma
61°12′50″N 36°51′07″E / 61.214°N 36.852°E / 61.214; 36.852

Andoma (russisk Андома) er ei elv i Vologda oblast i Russland og munnar ut i Onegasjøen. Elva er 156 km lang og har eit nedslagsfelt på 2570 km².

Dei største sideelvane hennar er Samina og Jalega, begge frå høgre.

Andoma spring ut frå Andomahøgdene. Den øvre delen av elva er smal og svingete og renn gjennom ei rekkje innsjøar. Den største av desse er Ajnozero. Etter Ajnozera vert elva omkring 20 meter brei, men renn framleis raskt og har mange stryk. Den øvre og midtre delen av elva renn gjennom audemark, medan det ligg ein del landsbyar langs nedre del av elva. Diktaren Nikolaj Kljujev var frå ein av desse landsbyane.

Elva frys til i november og vert isfri att i april. Trass i at elva ikkje kan nyttast til skipsfart vert ho nytta til tømmerfløyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]