Andor Hoel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andor Hoel
Andor Hoel - ca. 1935 - Oslo Museum - OB.F06053c (cropped).jpg
Fødd 13. desember 1867
Nes
Død

14. juli 1941
Oslo

Yrke matematikar, embetsmann, direktør, politikar

Ole Andor Hoel (13. desember 186714. juli 1941) var ein norsk skulemann og forsikringsmatematikar, fødd i Nes i Akershus. Han representerte Frisinna VenstreStortinget i perioden 1919-21.

Hoel var son til ein jarnbanemann og seinare fattigforstandar i Kristiania. Sjølv vart han student i 1884 og tok cand.real.-eksamen i 1892. Frå 1892 til -98 underviste han ved Hambros skole i Bergen. Deretter var han overlærar 1898-1905 ved Bergens tekniske skule, og direktør 1905-08 i same institusjonen. Frå 1908 var han direktør ved Bergen kommune si pensjonskasse.

Hoel var varamann til Stortinget 1910-15 frå Nygård-krinsen i Bergen. Han var elles i 1911-12 formann i den departementale komiteen som såg på undervisninga i dei tekniske skulane.

I valperioden 1919-21 representerte Hoel valkrinsen Sandviken på Stortinget, der han var medlem i Kyrkje- og skulekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]