André-Marie Ampère

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
André-Marie Ampère
Ampere Andre 1825.jpg
Fødd20. januar 1775
Lyon
Død10. juni 1836
Marseille
NasjonalitetFrankrike
Områdeelektromagnetisme
Yrkefysikar, matematikar, ingeniør, filosof
InstitusjonarÉcole Polytechnique
Collège de France
Alma materÉcole Polytechnique
EktefelleJulie Carron
BarnJean-Jacques Ampère
MedlemRoyal Society
Société philomathique de Paris
Det franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Royal Society of Edinburgh
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Académie royale des sciences, des lettres et des beaux-arts de Belgique
Kungliga Vetenskapsakademien

André-Marie Ampère (20. januar 177510. juni 1836) var ein fransk fysikar som er kjend for å vere ein av oppdagarane av elektromagnetismen. Måleininga for elektrisk straum, ampere, er oppkalla etter han.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Ampère var frå ein landsby nær Lyon, og viste stor interesse for naturvitskapen frå byrjinga. Mellom anna skal han ha løyst reknestykke ved hjelp av småstein og brødsmular før han hadde lært tala. Han blei etter kvart lærar i matematikk ved den vidaregåande skulen, lycéet, i Lyon.

Ei lita avhandling om hasardspel som viste at sjansen for ein spelar til å vinna er svært liten gjorde at den leiande matematikaren Jean-Baptiste Joseph Delambre fekk augene opp for han. Delambre skaffa han først lærarjobben og seinare ei underordna stilling ved den prestisjetunge polytekniske høgskolen i Paris. I 1809 blei Ampère professor ved denne skolen, og i 1814 medlem av Instituttet.

Oppdagingar[endre | endre wikiteksten]

11. september 1820 fekk Ampère høyra om Hans Christian Ørsted si oppdaging av at voltaisk (elektrisk) straum verka inn på ei magnetisk nål. Sju dagar seinare la han fram ei avhandling for Akademiet som skildra både dette og liknande fenomen. Deretter tok han fatt på det store arbeidet med å undersøka og leggja fram teoriar for dette store, nye feltet innan vitskapen.

Ampère døydde i Marseille og er gravlagd i Cimetière de Montmartre i Paris. Lycée Ampère i Lyon er kalla opp etter han.