André Derain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andre Derain i 1928
Derain sine signaturar

André Derain (10. juni 18808. september 1954) var ein fransk målar, ein av forgrunnsfigurane i fauvismen. Mellom 1906 og 1909 arbeidde Derain etter same linje som Georges Braque og Pablo Picasso, til dømes i Badande kvinner (1906), men han let seg aldri påverke av kubismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Derain var fødd i Chatou i Île-de-France. Han studerte 1898/99 ved Académie Camillo i Paris under leiing av Eugene Carrière. Sidan arbeidde han i lag med Maurice de Vlaminck i Chatou og deretter i Collioure med Henri Matisse.

I 1905 stilte han og fleire andre ut bilete på 'Salon d'Automne'. Ein kunstkritikar karakteriserte salen der bileta var hengt opp, som «Villdyrburet» («Le cage des fauves»), noko som gav namn til kunstnargruppa fauvistane.

Derain fekk i mars 1906 i oppdrag av kunsthandlaren Ambroise Vollard å reise til London og lage ein serie bilete med motiv derifrå. Gjennom 30 bilete skapte han Londonportrett ulikt alt som til då var laga av til dømes James Whistler eller Claude Monet. Desse byportretta er mellom dei mest populære verka hans. I måleriet The Pool of London (1906) brukar han ein neoimpresjonistisk teknikk, noko han seinare vende tilbake til.

I 1907 begynte Derain å arbeide med skulptur og flytta til Montmartre for å vere nær Picasso og andre. Også afrikansk kunst begynte å inspirere han. Han leverte tresnitt i primitivistisk stil til diktdebutboka til Guillaume Apollinaire, L'enchanteur pourrissant (1909), og illustrasjonar til ei diktsamling av Max Jacob i 1912. Omtrent på den tid begynte kunsten hans å bli prega av studiane han av dei gamle meistrane. Formene vart strengare og fargane meir avdempa.

Han vart tidleg innkalla til teneste under den første verdskrigen og vart dimittert først i 1919. Den kunstnariske aktiviteten vår dei åra låg, men han rakk å levere illustrasjonar til André Bretons første bok: Mont de Piete.

Mellomkrigstida gav Derain rolla som gjenskapar av klassisismen og det tradisjonelle. Han laga scenografien til balletten La Boutique fantasque for Sergej Djagilev, leiar av Ballets Russes. Med den suksessen bak seg fekk han fleire tilsvarande oppdrag.

Derain fekk Carnegieprisen i 1928 og hadde utstillingar i London, Berlin, Frankfurt, Düsseldorf, New York City og Cincinatti.

Under den tyske delokkupasjonen av Frankrike under andre verdskrigen vart Derain flittig oppvarta av tyske offiserar som såg han som representant for fransk kultur. Han slapp å hamne på lista over entartet kunst og tok imot ein invitasjon til eit offisielt besøk i Tyskland. Det nazistiske propagandamaskineriet utnytta dette og viste han fram som ein kollaboratør, noko han fekk svi for etter krigen.

Derain døydde 1954 i Garches i Hauts-de-Seine i Île-de-France.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: André Derain

Kjelder[endre | endre wikiteksten]