André Martinet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
André Martinet
Fødd12. april 1908
Saint-Alban-des-Villards
Død16. juli 1999
Châtenay-Malabry
NasjonalitetFrankrike
Områdespråkvitskap, Indo-Europeanist, fonologi
Yrkelingvist, universitetslærar
InstitusjonarÉcole pratique des Hautes Études
Columbia University
Universitetet i Paris
Alma materSorbonne
Humboldt-Universität zu Berlin
EktefelleJeanne Martinet
MedlemModern Language Association
Société internationale de linguistique fonctionnelle

André Martinet (12. april 190816. juli 1999) var ein fransk språkforskar. Han vert rekna som grunnleggjar av den funksjonalistiske analysen innanfor lingvistikken.

Martinet var fødd i Saint-Alban-des-Villards i Savoie. Han studerte engelsk og tok doktorgraden i 1937. Frå 1938 til 1946 var han tilsett ved École pratique des hautes études, før han flytta til New York, der han leidde International Auxiliary Language Association frå 1946 til 1948. Frå 1947 til 1955 leidde han instituttet for lingvistikk ved Columbia-universitetet og var redaktør for tidsskriftet Word.

I 1955 vende han attende til Frankrike og École pratique des hautes études. Samstundes fekk han lærestolen i generell lingvistikk ved Sorbonne-universitetet. Seinare flytta han til Université Paris Descartes.

Martinet var påverka av Praha-skolen, og grunnla den funksjonalistiske analysen av syntaks (Langue et Function, 1962). Han skreiv fleire bøker om diakron lingvistikk og generell lingvistikk. Hans Éléments de linguistique générale vart omsett til ei rekkje språk verda over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]