André Sehmisch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
André Sehmisch
Bundesarchiv Bild 183-1984-0302-017, Andre Sehmisch.jpg
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 27. september 1964
Breitenbrunn
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

André Sehmisch (fødd 27. september 1964) er ein tysk tidlegare skiskyttar som representerte DDR og seinare Tyskland. Han vart verdsmeister i stafett med DDR i 1987 og 1989. Individuelt vann han både sølv og bronse under VM i Oslo i 1986, samt ein bronse på 10 km i VM 1987. Sehmisch vann verdscupen i skiskyting 1986.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sehmisch vart juniorverdsmeister på 15 km skiskyting både i 1983 og 1984. I sin fyrste sesong som senior gjekk han startetappen for DDR sitt stafettlag som tok sølv i VM 1985. Dernest opplevde han sin største sesong, 1986-sesongen. Han vann verdscupen i skiskyting og tok medaljar i alle tre tevlingane under VM 1986 i Oslo. I alle øvingane vart han slått av Valerij Medvedtsev, det store namnet under meisterskapen, men fekk sølv på 20 km og i stafett, og tok bronsen på 20 km.

Under VM 1987 tok Sehmisch ein individuell bronsemedalje bak to landsmenn, og gjekk med dei same to, Frank-Peter Roetsch og Matthias Jacob, pluss Jürgen Wirth, inn til gull på stafetten. Også i VM 1989 vart Sehmisch verdsmeister i stafett for DDR, da saman med Roetsch, Frank Luck og Birk Anders. I 1990 sikra han seg si siste internasjonale medalje, VM-bronsen var den femte på stafett og den åttande totalt.

Han la opp som skiskyttar i 1993 og starta eigen skiskule.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar