André de Nesmond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
André de Nesmond
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 17. november 1641
Bordeaux
Død

11. juni 1702 (60 år)

Yrke kaper
Språk fransk

André, marquis de Nesmond (fødd 17. november 1641 i Bordeaux, død 11. juni 1702 i Havanna) var ein fransk marinekommandant på 1600-talet.

Henri de Nesmond (1655-1702) var den yngre broren hans. I 1658 vart han medlem av Maltesarordenen. I 1662 gjekk han inn i teneste for den franske marinen og vart i 1663 skadd i eit slag med tre algeriske korsarar. I 1667 vart han forfremma til kaptein og kjempa under hertug François av Beaufort i omleiringa av Candia i 1669.

I den fransk-nederlandske krigen kommanderte han «Vaillant» i slaget ved Solebay i 1672, «Conquérant» i slaget ved Schooneveld i 1673 og igjen «Vaillant» i slaget ved Texel.

I 1674-1675 kommanderte han «Actif» og slo Engel de Ruyter nær The Lizard. I 1677-1678 kommanderte han «Belliqueux» i Karibia in the Caribbean, der han var medverkande til at flåten til Jean II d'Estrées forliste ved Las Aves-øyane.

Under niårskrigen kommanderte han «Content» og eskorterte franske soldatar på skip til Irland i 1690. Han kjempa i slaget ved Beachy Head i 1690 som kaptein på «Souverain». Under slaget ved Barfleur ombord på «Monarque», kommanderte han ein divisjon, og heldt den nederlandske fronten attende til slutten av slaget. I det tapte slaget ved La Hogue, redda han fleire divisjonar og gjekk med dei to gjenverande skipa «Monarque» og «Aimbale» gjennom Doversundet og førte dei nord og kring Storbritannia.

Markien av Nesmond fekk så rykte for dei mange tokta sine og han kapra mange skip og den verdifulle lasta deira. I slaget ved Lagos i 1693 kapra han to nederlandske krigsskip og mange handelsskip frå Smyrna-konvoien.

I byrjinga av den spanske arvefølgjekrigen vart han send til Karibia for å verne den spanske sølvflåten, men i juni 1702 vart han sjuk og døydde ombord på «Ferme» i hamna i Havanna i Cuba.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]