Andrés Reggio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrés Reggio

Fødd1692
Død1780
Rangadmiral

Andrés Reggio (16921780) var ein offiser i den spanske marinen. Han gjekk tidleg inn i marinen og deltok i invasjonen av Mallorca i 1715. Han tenestegjorde òg i felttog mot Sardinia i 1717 og Sicilia i 1718 som kaptein. På Sicilia medverka han i slaget ved Kapp Passaro mot britane, der skipet hans kom bort frå dei andre spanske skipa og han måtte overgje seg. I 1720 vart han send til Amerika, men vendte i 1730 tilbake til Middelhavet, der han tok del i gjenerobringa av Oran i 1732. Han vart utnemnd som direktør ved det maritime institutet i Ferrol i 1740, men etter berre ein månad vart han igjen send til Amerika. Her vart han sjef for dei marine styrkane i Vestindia og Ny-Granada og starta bygginga av eit arsenal i Havanna i 1741. I 1746 vart han forfremma til generalløytnant.

I det siste året av den austerrikske arvefølgjekrigen forsvarte han Havanna mot åtaket til Charles Knowles, men saka kom for krigsretten fordi slaget hadde skjedd få månader etter Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748, då det vart fred mellom Storbritannia og Spania. Han vart derimot frikjend sidan han berre hadde prøvd å forsvare Havanna mot Knowles. I 1749 returnerte han ein siste gong til Spania, der han vart forfremma til generalkaptein.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Andrés Reggio» frå Wikipedia på spansk, den 1. januar 2009.
    • Wikipedia på spansk oppgav desse kjeldene:
      • El Panteón de Marinos Ilustres. Juan Cervera y Jácome, Ministerio de Marina, 1926.
      • Enciclopedia General del Mar. Garriga, Carlos Martínez-Valverde y Martínez, 1957.