Andranik Margarjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Andranik Margarjan (12. juni 195125. mars 2007), på armensk Անդրանիկ Մարգարյան, var ein armensk politikar. Han var statsminister i Armenia frå 12. mai 2000 til han døydde. Margarjan var medlem av Armenias republikanske parti (Hayastani Hanrapetakan Kusaktsutyun).

Andranik Margarjan vart medlem av Det nasjonale einskapspartiet i 1968. Dette partiet var forbode i Sovjetunionen. Margarjan gjekk inn for eit uavhengig, demokratisk Armenia. Han vart arrestert i 1974 og dømt til to års fengsel for å spreia upatriotiske idear og aktivitetar. Då Armenia vart sjølvstendig vart Margarjan med i Armenias republikanske parti i 1992. Han var formann i partiet frå 1993. President Robert Kotsjarjan utnevnde han til statsminister 12. mai 2000.

Margarjan døydde brått av hjarteinfarkt 25. mars 2007. Han var gift og hadde tre born.