Andrea Ehrig-Mitscherlich
| Andrea Ehrig-Mitscherlich | |
| Statsborgarskap | Den tyske demokratiske republikken, Tyskland |
| Fødd | 1. desember 1960 (65 år) Dresden |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1980 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1980 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 5000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1000 meter damer |
| Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i gull, Stern der Völkerfreundschaft |
Andrea Ehrig-Mitscherlich (fødd 1. desember 1960) er ein tysk tidlegare skeiseløpar frå Dresden som representerte Aust-Tyskland. Ho vart verdsmeister i firkamp 1983 og 1985, olympisk meister på 3000 meter i 1984 og femfaldig europameister: 1983 og 1985-88. Ho konkurrerte som Andrea Schöne-Mitscherlich frå 1980 til 1985, og deretter som Andrea Ehrig.[1]
15 år gamle Andrea Mitscherlich tok OL-sølv på 3 000 meter under Vinter-OL 1976 i Innsbruck, eitt hundredels sekund framom Lisbeth Korsmo på bronseplass og fire hundredels sekund bakom gullvinnar Tatjana Averina. I 1982 vart ho nummer to i firkamp-VM, klart slått av landskvinna Karin Enke. Året etter var rollene omsnudd og Mitscherlich vann både EM- og VM-tittel framom Enke. I OL-sesongen 1984 vart Enke verdsmeister att og Mitscherlich toar. Under vinterleikane 1984 i Sarajevo tok Mitscherlich sølvmedaljane på 1000 og 1500 meter, på begge distansane slått av Enke, før ho til sist vann olympisk gull på 3 000 meter, med halvt anna sekund betre tid enn sølvmedaljøren Enke. Vinteren 1985 vart Mitscherlich europameister i Heerenveen og verdsmeister i Sarajevo, i Sarajevo var ho nesten tre tidspoeng framom nummer to i meisterskapen. Også under EM 1986 på Geithus vart Mitscherlich ein suveren vinnar. I verdsmeisterskapen 1986 i Haag måtte ho nøye seg med ein andreplass, atter slått av Karin Kania-Enke, eit utfall som gjentok seg i VM 1987 i West Allis i USA. Derimot tok Ehrig-Mitscherlich sin fjerde EM-tittel i Groningen i 1987 og sin femte på Kongsberg i 1988. I sitt fjerde og siste OL, Vinter-OL i Calgary, sanka ho to nye sølvmedaljar på høvesvis 3000 m og 5000 m og ein bronsemedalje på 1500 meter. Ho la deretter opp.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Andrea Ehrig-Mitscherlich» i Store norske leksikon, snl.no.
- «Andrea Ehrig-Schöne-Mitscherlich» (på engelsk). Olympedia. Henta 27. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Andrea Ehrig-Mitscherlich» frå Wikipedia på tysk, den 3. februar 2018.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1960
- Tyske skeiseløparar
- Olympiske meistrar for Aust-Tyskland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland
- Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Austtyske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skeiseløparar under vinter-OL 1976
- Austtyske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skeiseløparar under vinter-OL 1980
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984
- Skeiseløparar under vinter-OL 1984
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Austtyske deltakarar under vinter-OL 1988
- Skeiseløparar under vinter-OL 1988
- Folk frå Dresden