Andrea Fischbacher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andrea Fischbacher

Andrea Fischbacher Semmering 2008.jpg

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 14. oktober 1985
Eben im Pongau
Idrett alpint
Yrke alpinist

Andrea Fischbacher (fødd 14. oktober 1985) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Schwarzach im Pongau i forbundslandet Salzburg. Ho vart olympisk meister i super-g i 2010.

Fischbacher fekk sine to fyrste pallplasseringar i verdscupen i alpine greiner i desember 2005, begge i super-g-øvinga. Ho vann sin fyrste verdscupsiger i Sestriere 10. februar 2008, også det i super-g. Året etter vann ho bronsemedaljen i same øvinga under VM i alpine greiner 2009 i franske Val-d'Isère. Seinare i 2009 oppnådde ho sin fyrste verdscuptriumf i eit utforrenn, i Bansko i Bulgaria.

Høgdepunktet for Fischbacher kom under dei olympiske leikane 2010 i Vancouver. I dei alpine løypene i Whistler Mountain rann ho ned til ein suveren gullmedalje i super-g, nesten eit halvt sekund framom Tina Maze frå Slovenia. Etter OL-sesongen 2010 makta Fischbacher ikkje lenger å kome på pallen i verdscupen, før ho sensasjonelt steig heilt til topps etter utforrennet i Crans-Montana 2. mars 2014.

Perioden 2005-14 oppnådde Fischbacher 10 pallplasseringar (3-5-2) i verdscupen, seks av dei super-g, tre i utfor og ei i storslalåm. Ho vart aldri austerriksk meister, medaljesamlinga frå 2005-11 bestod av fire sølv og to bronsar.

Fischbacher la opp i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

FIS-biografi