Andrea Koevska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea Koevska

Fødd14. februar 2000 (24 år)
FødestadSkopje
OpphavNord-Makedonia
Aktiv2020–
Sjangerpop, elektronisk musikk, dansemusikk
Instrumentvokal, gitar, piano
Verka somsongar

Andrea Koevska (fødd 14. februar 2000), best kjend under artistnamnet Andrea, er ein makedonsk popsongar. Ho representerte Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Circles».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Koevska vart fødd i den makedonske hovudstaden Skopje i 2000. Mora er fysikar og faren er jusprofessor.[1] Då ho var fem år, flytta familien til Harlem i New York og budde der i eitt år. I Harlem vart ho introdusert for musikksjangrar som gospel, soul, jazz og rhythm and blues, noko som gjorde at ho fatta interesse for musikk og song.[2]

Musikkarrieren til Koevska starta ved eit tilfeldig omstende, då ho for moro skuld la ut korte videoar på Instagram der ho laga og song makedonskspråklege versjonar av kjente pop- og rockesongar. Musikkprodusenten Aleksandar Masevski kom over kontoen hennar og inviterte ho til studioet sitt og til eit profesjonelt samarbeid. Han motiverte ho også til å studere ved Musikkfakultetet i Skopje, i avdeling for solosong innan populære sjangrar.[3]

I samråd med Masevski byrja Koevska å syngje utelukkande på engelsk for å kunne nå eit internasjonalt publikum. Debutsingelen «I Know» vart utgjeve 23. oktober 2020 og har sidan blitt spelt på over hundre radiostasjonar i ei rekkje land – inkludert Noreg.[4] Vinteren 2021 deltok ho i «Fame's» i samarbeid med komponisten Bete Ilin, dirigenten Oleg Kondratenko og videoprodusenten Vladimir Mitrevski Gule. Der laga dei ei orkesterframsyning med songane hennar, framført av Macedonian Symphony Orchestra.

I februar 2022 deltok Koevska i den makedonske nasjonale finalen Za Evrosong 2022, der vinnaren fekk representere Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Ho deltok med låten «Circles» og vann finalen med 20 poeng. Juryen hadde ho som favoritt, mens ho vart nummer tre i internettavrøystinga.[5][6] 12. mai deltok ho i den andre semifinalen, der ho enda på ein ellevteplass, éin plass unna å kvalifisere seg til finalen.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2020 – «I Know»
  • 2020 – «I Don't Know Your Name»
  • 2021 – «Talk to Me»
  • 2021 – «Choose My Way»
  • 2021 – «Heartbreak»
  • 2021 – «Bettin on You»
  • 2022 – «Circles»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Magazine, Infrared. «Andrea Sings Through Heartbreak With New Single “I Don’t Know Your Name”» (på engelsk). Arkivert frå originalen 16. desember 2020. Henta 5. februar 2022. 
  2. «Track of the Day: Andrea – I Know». The Other Side Reviews (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. november 2020. Henta 5. februar 2022. 
  3. «Нов проект на Андреа со оркестарски верзии на нејзините песни». МКД.мк (på makedonsk). Arkivert frå originalen 23. april 2021. Henta 5. februar 2022. 
  4. «About – Andrea Music» (på engelsk). Henta 5. februar 2022. 
  5. «North Macedonia: Andrea to Eurovision 2022 with "Circles"». Eurovisionworld (på engelsk). 4. februar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  6. Farren, Neil (4. februar 2022). «🇲🇰 North Macedonia: Andrea to Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 5. februar 2022. 
  7. «North Macedonia selects Andrea for Turin 🇲🇰». Eurovision.tv (på engelsk). 4. februar 2022. Henta 5. februar 2022.