Andreas Kiønig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Andreas Aagaard Kiønig)
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Kiønig
Jacob Munch - Andreas Aagaard Kiønig - 1835 - Oslo Museum - OB.00101.jpg
Andreas Aagaard Kiønig på eit måleri av Jacob Munch. Tilhøyrer Oslo museum. Frå DigitaltMuseum
Fødd8. august 1771
Død1. mars 1856
Statsborgar avNoreg
Yrkedommar, politikar, advokat

Andreas Aagaard Kiønig (8. august 17711. mars 1856) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Kiønig var fødd i Grue. Han vart uteksaminert cand.jur. i 1790. Åra 1793 til -98 var han tilsett i kanselliet i København. Frå 1798 var han sorenskrivar i Østerdalen.

Kiønig var med i riksforsamlinga i 1814 som 2. utsending frå Hedmark. På Eidsvoll slutta han seg til sjølvstendepartiet.

Same året, 1814, vart han tilsett som assessor i Noregs Høgsterett. I 1836 var Kiønig ein av kandidatane til stillinga som høgsterettsjustitiarius, men det vart Georg Jacob Bull som vart utnemnd. Kiønig trekte seg då, 1837, frå Høgsterett.

I eigenskap av høgsterettsdommar var Kiønig medlem av riksrettane 1815-16, 1821-22 og 1836, ved det siste høvet som fungerande justitiarius. Ved riksretten 1827 melde han forfall grunna sjukdom.

I perioden 1816-21 var Kiønig statsrevisor.

Kiønig, som levde ugift, døydde på garden sin, Oppsal, i Elverum. Eit minnesmerke vart reist på grava hans på Elverum kyrkjegard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]