Andreas Achenbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Westfälische Wassermühle, 1863

Andreas Achenbach (29. september 18151. april 1910) i var ein tysk kunstmålar.

Achenbach byrja utdanninga si under Wilhelm von Schadow på kunstakademiet i Düsseldorf. Alt som 14-åring selde han sitt første måleri. I 1832 og 1833 reiste han saman med far sinr til Rotterdam, Amsterdam og Riga og måla hovudsakleg havsmiljø. Seinare vart han elev av Johann Wilhelm Schirmer. Stilarten hans dei første åra var romantikken, men etter at han busette seg i München i 1835 og trefte Louis Gurlitt endra han stil til realismen.

Achenbach gjorde fleire studiereiser, mellom anna i 1835 til Danmark, Noreg og Sverige der kan måla fallen i Trollhättan. I 1836 var han i Alpane og Tyrol og fra 1843 til 1845 i Italia. I 1846 reiste han attende til Düsseldorf og vart professor der. Han har hatt stor påverknad på norske landskapsmålarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.