Andreas Anderssen Borge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Anderssen Borge
Fødd 22. september 1825
Råde
Død

23. juni 1910
Råde

Yrke bonde, politikar

Andreas Anderssen Borge (22. september 182523. juni 1910) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Råde i Østfold.

Borge var son til ein gardbrukar, og overtok farsgarden i 1845. Han var medlem av heradsstyret 1851-1900, i perioden 1853-89 sat han i formannskapet. Ordførar var han i fleire periodar; 1860-61, 1864-66, 1870-73 og 1878-89. Elles var han forlikskommissær frå 1858 til 1903, sparebankdirektør og medlem i Rakkestad fogderikommisjon.

Han var 1. representant for Smaalenenes amtStortinget 1880-82 og omframstortinget 1882. På tinget var han medlem av næringskomite nr 2.

Borge døydde på garden sin i Råde i 1910.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]