Andreas Angel Holdø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Angel Holdø
Fødd 15. august 1879
Død

26. juli 1945

Andreas Angel Hansson Holdø (15. august 187926. juli 1945) var ein norsk fiskar, skipper, gardbrukar og disponent frå Hadsel. Han møtte frå Nordland fylkeStortinget periodane i åra 1922-27 og 1931-33. Holdø representerte Frisinna Venstre til 1927, sidan partiet Høgre.

Holdø var son til ein gardbrukar og fiskar. Allereie frå åtteårsalderen deltok han med far sin i Lofot-fisket. Kring 1899-1900 gjekk han skipperskule. Frå 1900 dreiv han fiske frå eiga skøyte som han også førte. I 1902 vart han skipper på fiskedampskip, dreiv på felt langs norskekysten frå Lindesnes til russegrensa, ved Island og til dels England.

I 1908 fekk Holdø stipend, så han kunne studere snurpenotfiske ved kysten av Sverige. Frå 1911 var han leiar av eit firma som produserte sildolje, og frå same året disponerte han firmaet sin fabrikk i AkureyriIsland.

I tillegg til fiskeriverksemda, dreiv Holdø frå 1904 også eit småbruk i Hadsel. På 1930-talet kjøpte han garden Husby på Hadseløya og dreiv det gardsbruket til han døydde.

Perioden 1922-24 var Holdø fyrste varamenn til Stortinget, vald for Frisinna Venstre. Alle tre sesjonane møtte han i lengre periodar i staden for den valde representanten, Høgre-mannen Mathias Skaar. Holdø hadde fast plass på Stortinget 1925-27, og som i 1922-24 med sete i Næringskomite nr 1. Han lukkast ikkje å verte attvald hausten 1927, men kom innatt på Stortinget 1931-33. Då var han derimot Høgre-representant, og medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]