Andreas Aulie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Aulie
Agnar Mykle - PA-0797 Ue-L0064 konvolutt-1986 63.jpg
Riksadvokat Andreas Aulie på sin faste tilhøyrarplass i Oslo Byrett under Myklesaka 9. mai 1958. Ved sidan av sit ein politilege.
Fødd 17. november 1897
Oslo
Død

17. januar 1990

Yrke advokat
Andreas Aulie på Commons

Andreas Aulie (fødd 17. november 1897 i Kristiania, daud 17. januar 1990 i Bergen) var ein norsk jurist. Han var riksadvokat i Noreg frå 1946 til 1967. I 1942, under den andre verdskrigen, vart han kalla til London av den norske regjeringa der. Året etter vart han utnemnd til rikspolitisjef for Noreg, med sikte på etterkrigstida.

Aulie vart riksadvokat i 1946, og var det fram til 1967.[1][2] Han sat i benådingsutvalet, og utvalet som vurderte landssvikoppgjeret.

Andreas Aulie vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og av Vasaordenen. Han var også æresmedlem av Order of the British Empire.[2]

Andreas Aulie var bror til målaren Reidar Aulie (1904-1977).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Andreas Aulie». Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 17. august 2011. 
  2. 2,0 2,1 Lyngtveit, Erling. «Andreas Aulie». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 17. august 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]