Andreas Berger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Andreas Olsen Berger (fødd 5. april 1833) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Eidsvoll. Han reprsenterte partiet Høgre.

Berger var son til ein gardbrukar. Han var gardbrukar på Haga i Eidsvoll frå 1864 til 1902. Tida 1867-1910 var han medlem av heradsstyret, ordførar dei siste seksten åra. Endå lengre, 1866-1910, var han med i skulestyret. Han var forlikskommissær frå 1873, presten sin medhjelpar frå 1879, samt medlem av amtsutvalet. I 1906 var han utsending frå Akershus amt til kongekroninga i Trondheim i 1906.

Berger representerte Akershus amt på Stortinget frå 1889 til 1897. Heile tida var han medlem av kyrkjekomiteen. I 1879 var han medlem av ein kongeleg kommisjonen som arbeidde med å revidere dissentarlova.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914