Andreas Brehme
|
Andreas Brehme i 2008 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Andreas Brehme | ||
| Fødd | 9. november 1960 | ||
| Fødestad | Hamburg i Vest-Tyskland | ||
| Død | 20. februar 2024 | ||
| Dødsstad | München | ||
| Høgd | 185 cm | ||
| Posisjon | Venstreback / Venstre ving / Venstre midtbane | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1980–1981 | Saarbrücken | 36 | (3) |
| 1981–1986 | Kaiserslautern | 154 | (34) |
| 1986–1988 | Bayern München | 59 | (7) |
| 1988–1992 | Inter | 116 | (1) |
| 1992–1993 | Real Zaragoza | 24 | (1) |
| 1993–1998 | Kaiserslautern | 120 | (9) |
| Landslag | |||
| 1984–1994 | Tyskland | 86 | |
| Trenar for | |||
| 2000–2002 | Kaiserslautern | ||
| 2004–2005 | Unterhaching | ||
| 2005–2006 | Stuttgart | ||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Andreas Brehme (9. november 1960–20. februar 2024) var ein tysk fotballspelar frå Hamburg. Han er kjend for å ha vorte matchvinnar då Vest-Tyskland vann VM-finalen i 1990 med 1–0 over Argentina på straffespark.
Brehme var Kaiserslautern-spelar frå 1981 til 1986. Dei neste to sesongane spelte han på Bayern München. Dernest tenestegjorde han i italienske FC Internazionale frå 1988 til 1992. Etter å ha vore Real Zaragoza-spelar i 1992/93-sesongen gjekk han tilbake til Kaiserslautern. Han la opp i 1998.
Frå 1984 til 1994 tok Brehmne på seg den vesttyske/tyske landslagsdrakta 86 gongar og fekk åtte nettkjenningar med denne. Han deltok i samtlege seks EM/VM-turneringane i tidsromet, og var på bana både under VM-finalane 1986 og 1990, og under EM i fotball 1992. Han var kaptein for det tyske mannskapet som måtte nøye seg med sølvmedaljar etter å ha tapt 0–2 mot Danmark.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1986 med Vest-Tyskland
- EM-sølv: 1992 med Tyskland
- Vinnar av UEFA-cupen: 1991 med FC Internazionale
- Tysk seriemeister: 1987 med Bayern München og 1998 med FC Kaiserslautern
- Italiensk seriemeister: 1989 med FC Internazionale
- Tysk cupmeister: 1996 med FC Kaiserslautern
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Andreas Brehme» frå Wikipedia på tysk, den 28. mai 2016.