Andreas Cederbergh
| Andreas Cederbergh | |||
| Fødd | 29. desember 1792 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 25. desember 1858 (65 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Andreas Cederbergh (29. desember 1792–25. desember 1858) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Egersund, busett i Stavanger.
Cederbergh reiste i ung alder til sjøs med eit skip frå Trondheim, vart kapra i Nordsjøen og sat halvtanna år i prisonen i England. I 1818 tok han til som målarmeister i Stavanger. Seinare byrja han handel og fekk stilling som veginspektør. Han fekk bygt Cederbergs sal, ei bygning som i 1830-40-åra var ein kjend fest- og samlingsstad for borgarskapen i Stavanger. Cederbergh skreiv høvesdikt og fekk stifta eit dramatisk selskap. Sjølv opptredde han ved mange høve.
Cederbergh representerte Stavanger by i stortinget i 1833, 1836 og på omframtstortinget 1836-37. Han var medlem i Næringskomiteen, i 1833 var han også med i komiteen om kjøpstadskatten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914