Hopp til innhald

Andreas Emil Erichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Emil Erichsen
StatsborgarskapNoreg
Fødd9. januar 1841
Christiania
Død

2. februar 1913 (72 år)
Stavanger kommune

Yrkeskuleleiar, historikar
Språkdansk
Medlem avDet Norske Videnskaps-Akademi, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Andreas Emil Erichsen (9. januar 18412. februar 1913) var ein skulemann og historikar, fødd i Christiania. Han var rektor i Tromsø og Stavanger, og attåt pedagogisk skribent og lærebokforfattar.

Erichsen vart cand.mag. i 1865 og underviste deretter på skular i heimbyen. Sidan var han rektor i Tromsø og seinare i Stavanger. Han gav ut fleire lærebøker i norsk og i historie. Best kjend vart han for å ha gitt ut skriftene til Petter Dass, samt verka om katedralskulane i Bergen og Trondheim. Han skreiv og om Stavanger si historie. Erichsen sine historieverk utmerkte seg gjennom ei «[k]lår og kritisk utnytting av» kjeldene.