Andreas Engebø
Hopp til navigering
Hopp til søk
Andreas Engebø | |
Fødd | 1937 (87 år) Vevring |
Yrke | lærar, skribent |
Andreas Engebø (fødd 1937) er ein norsk lærar og forfattar.
Engebø vart fødd på Kvellestad i Vevring i Naustdal og busette seg seinare i Holmedal i Askvoll. Han har eksamen frå Befalskolen for Infanteriet i 1955, artium frå Voss landsgymnas i 1958 og eksamen frå Stord lærarskule i 1965. Engebø har vore lærar fleire stader, og frå 1969 ved Holmedal skule.
Andreas Engebø var den første landskjende idrettsutøvaren i Tambarskjelvar idrettslag, som deltakar på landslaget i kulestøyt i 1957 og 1963. Han vann NM-tittel i vektløfting supertungvekt i 1971, 1972 og 1973, og vart norsk og nordisk meister i styrkeløft i 1967.
Engebø debuterte med diktsamlinga «Trollhegg og rabarbra» i 1986.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
Bøker[endre | endre wikiteksten]
- 1986 – Trollhegg og vill rabarbra (Naustdal: Sogn og Fjordane magasin) . ISBN 82-90576-01-3
- 2008 – Liv i Låglandet (Holmedal: eige forlag)
- 2009 – Raud myrull (Holmedal: eige forlag)
- 2012 – Ørneblikk (Holmedal: eige forlag)
I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]
- 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag) . ISBN 978-82-91462-06-6 [Av innhaldet: Andreas Engebø]
I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]
Lydbøker[endre | endre wikiteksten]
- 2005 – Gråbein ( Spilte sjanser) [Tekstar Andreas Engebø]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990
- Andreas Engebø i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane