Andreas Erlandsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Erlandsen
Fødd 5. oktober 1802
Yrke prest

Andreas Erlandsen (5. oktober 180212. august 1860) var ein norsk prest og personalhistorikar frå Trondheim.

Erlandsen var fødd utanfor ekteskap, og vart adoptert av ein kjøpmann i Trondheim. Han gjekk eit år på vaisenhuset, og byrja i 1812 på realskulen. To år etter tok han til på Trondheim katedralskole. I 1823 vart han dimittert frå katedralskulen og reiste til Universitetet i Kristiania, der han i 1824 tok andreeksamen og i 1826 vart cand.theol.

Etter nokre nokre månader som privatlærar og lærar ved garnisonsskulen i Trondheim, fekk Erlandsen i desember 1826 stillinga som residerande kapellan til Stod i Nord-Trøndelag. Han var så sokneprest 1830-37 i Åfjord. Frå 1837 hadde han same stilling i Sparbu i Nord-Trøndelag, heilt til han døydde av eit hjarteattakk i 1860.

I 1834 fekk Erlandsen ta over eldre oppteikningar om presteskapet i det nordafjelske Noreg. Det gjaldt to oversikter, den ein samlinga frå 1780-åra var etter prost Tønder på Sunnmøre, medan den andre var samla over ein førtiårs-periode fram til 1830 av prost Bull på Nordmøre. For andre delar av stiftet samla Erlandsen sjølv inn mykje tilfang. I tida frå 1844 til 1855 gav han så ut ei samling hefte «Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift», eit verk på til saman 518 sider. I 1857 kom han også med 209 sider «Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]