Andreas Faye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Faye

Fødd5. oktober 1802
Bragernes
Død5. mai 1869 (66 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar, skribent, historikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Andreas Faye (5. oktober 18025. mai 1869) var ein norsk prest, folkeminnesamlar, forfattar og stortingsmann. Han er særleg kjend for Norske Sagn frå 1833, gjennom utvidingar også kalla Norske Folke-Sagn. Norske Sagn var den aller fyrste samling av folkeminne som kom ut i Noreg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Faye var fødd i Bragernes (Drammen). Far hans var skipsførar og seinare meklar. Sonen fekk undervisning hos sokneprest Wettergren i Borre, og han overtala faren til å late sonen studere. I 1817 byrja han ved Drammens Skole, og i 1823 vart han student med laud. Frå nyttår 1826 til juli 1827 var han konstituert timelærar ved same skulen. Juni 1828 tok han teologisk embetseksamen med laud. I januar 1829 vart han tilsett som lærar ved Arendals Middelskole, ei stilling han hadde i fire år.

12. mars 1833 vart Faye utnemnd til sokneprest i Holt. I 1839 vart han dessutan forstandar og fyrstelærar ved det nyoppretta Holt seminar, og vert difor rekna som fyrste rektor på det seinare Universitetet i Agder. Han vart verande i desse stillingane inntil han 27. august 1860 vart sokneprest i Sande i Vestfold. 16. januar 1864 vart han i tillegg prost i Nordre Jarlsberg prosti.

Faye reiste i 1831 til Danmark, Tyskland, Italia og Frankrike på eiga rekning. På denne reisa vitja han universitetsførelesingar, til dømes av Schleiermacher og Neander i Berlin, oppsøkte Goethe i Weimar, og sette seg inn i allmugeskulevesenet i Preussen og Sachsen. Etter heimkomsten var han med å stifte Arendals Museum og det offentlige Bibliothek.

Frå 1835 til 1841 var Faye formann i Nedenæs og Robygdelagets Amts Landhusholdningsselskab. Han vart 1837 vald inn i det fyrste formannskapet i Holt, og i 1842 vart han stortingsrepresentant for Nedenæs og Robygdelaget. På tinget var han medlem av kriminallovkomiteen. Faye var elles medlem av Det kongelige norske Videnskabers Selskab i Trondheim og av Det Norske Videnskaps-Akademi i Kristiania.

Faye døydde på Sande prestegard.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Tittelbladet til fyrsteutgåva av Norske Sagn

Fayes Norske Sagn frå 1833 var den fyrste folkloristiske boka som kom ut i Noreg. I arbeidet med segnene var Faye inspirert av Deutsche Sagen av Grimm-brørne frå 1816, og som norsk pionerverk kom Norske Sagn med oppsiktsvekkande lærde referansar til gresk og norrøn mytologi, og til allereie utgjevne folkloristiske tradisjonssamlingar frå nabolanda. Seinare folkloristar har oppfatta stilen til Faye som turr og skriftspråkleg gjengjeving av dei munnlege kjeldene.

Faye si samling vekte interessa for norske folkeminne i vitskaplege miljø. Peter Andreas Munch var vel den som omfatta innsamling, utgjeving og forsking av norsk tradisjonsstoff med størst interesse, men skulle kome til å gå mot Faye. Både Henrik Wergeland og Peter Christen Asbjørnsen sende Faye tekstar til 2. opplag av Norske Folke-Sagn (1844).

Både Asbjørnsen og Moe vart inspirert til å take fatt på arbeidet med å samle inn, granske og attfortelje eventyr og segner gjennom sine kontaktar med Andreas Faye.

Forfattarskapen er elles prega av historiebøker, både om lokale tilhøve og av verka med eit meir nasjonalt preg.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Norges Historie til Brug ved Ungdommens Underviisning (1831)
  • Norske Sagn (1833)
  • Udtog af Norges Historie (1834)
  • Kort Fremstilling af Christendommens Indførelse i Norge (1837)
  • Alf Thorsen, den forstandige Bonde (1838)
  • Den christne Kirkes Historie (1842)
  • Almuskolen eller Vink til at opdrage og undervise Børn (1842)
  • Norske Folke-Sagn (1844), sienare utgjeve i serien Norsk Folkeminnelags skrifter nr 63 (1948).
  • Statholder Severin Løvenskiold (1857)
  • Bidrag til Holts Presters og Prestegjelds Historie (1859)
  • Bidrag til Øiestads Presters og Prestegjelds Historie (1861)
  • Landkrigen i Norge 1808, et lidet bidrag til Norges nyere historie (1861)
  • Christiandssands Stifts Bispe- og Stiftshistorie (1867)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]