Andreas Felder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andreas Felder (fødd 6. mars 1962) er ein tidlegare austerriksk skihoppar.

1980-talet og tidleg på 1990-talet var han med på å dominera internasjonal hoppsport, saman med Jens Weissflog, Matti Nykänen og bestevennen, Ernst Vettori. Heile fem gonger var han blant dei fem beste i samandraget i verdscupen, og i sesongen 1990/91 gjekk han heilt til topps.

Han tok si første internasjonale meisterskapsmedalje under VM 1982 i Oslo, der det austerrikske laget som bestod av Felder, Armin Kogler, Hubert Neuper og Hans Wallner tok sølv i lagkonkurransen.

Det store gjennombrotet kom i sesongen 1984/85. I desember 1984 vann han sitt første verdscuprenn i Thunder Bay i Canada. Han vann seks renn i løpet av sesongen, men måtte nøya seg med andreplassen i samandraget, etter Nykänen. Under VM 1985 i Lahti vann han sølv både i normalbakkerennet og med det austerrikske landslaget.

I 1986 blei han verdsmeister i skiflyging i Bad Mitterndorf, og under VM 1987 i Oberstdorf blei han verdsmeister i storbakken og fekk i tillegg bronse i lagkonkurransen.

I sesongen 1990/91 sikra Felder seg sin einaste samanlagtsiger i verdscupen, og han var med på å vinna laggull i VM 1991 i Val di Fiemme saman med Ernst Vettori, Heinz Kuttin og Stefan Horngacher. Han fekk òg med seg ei sølvmedalje i laghopp under OL 1992 i Albertville saman med Ernst Vettori, Heinz Kuttin og Martin Höllwarth. Felder avslutta karrieren med ein siger: 29. mars 1992 vann han skiflygingsrennet i Planica.

Vidare karriere[endre | endre wikiteksten]

Andreas Felder har òg deltatt i eitt verdscuprenn i kombinert; i Falun i 1989. Han leia etter hopprennet, men hamna på ein 18-plass etter at langrennet var overstått.

Under ski-VM i Trondheim var Andreas Felder sjefstrenar for det austerrikske hopplaget. Året etter blei han tilsett som hopptrenar for det tyske kombinertlandslaget. Seinare fekk han jobben som hopptrenar for det austerrikske kombinertlandslaget.

Andreas Felder bur i Absam i Tirol. Han er gift, og har ei dotter og ein son.