Andreas Feragen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Feragen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1818
Død

16. mai 1912 (93 år)

Yrke lærar
Minnestøtte på grava til Feragen på Holt kyrkjegard

Andreas Martinus Feragen (21. juli 181816. mai 1912) var ein norsk lærar frå Trondheim som var ein av dei mest aktivistiske av dei fyrste norskutdanna seminaristane. Han skreiv fleire pedagogiske verk og vart tidvis kalla «Skolemestrenes konge».

Feragen flytta til Kristiansand i 1839 og var elev ved Holt seminar i 1842. Han fullførte seminaret på eitt år og var så den fyrste norske seminaristen som var lærar i Kristiansand. Frå 1846 var han lærar og kyrkjesongar i Holt. Ved sidan av lærarstillinga fungerte han som øvingslærar ved seminaret, heilt til det flytta til Kristiansand i 1877. Han var lærar til han var 93 år gammal, kort før han døydde. Skulen på Holt vart kalla Feragenskolen, og er i dag skulemuseum.

Feragen sat i skulestyret i Holt i over 40 år, og var medlem av amtsskulestyret i 10 år, samt kommunerevisor i 28 år. Han var med å starte Holt sparebank, og i 1847 stifta han ei lærarforeining for Holt. Dessutan var han formann i dei lokale foreiningane for misjon og fråhald. Feragen var også medlem i fire kongelige kommisjonar som bedømte lærebøker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]