Andreas Grimelund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Grimelund
Andreas Hansen Grimelund.jpg
Fødd 26. januar 1812
Aker
Død

3. januar 1896
Christiania

Yrke prest, politikar, teolog
Andreas Grimelund på Commons

Andreas Grimelund, (26. januar 18123. januar 1896), var ein gardbrukar, prest og biskop frå Aker i Akershus. Hans Hanssen Grimelund var far hans, Hans Grimelund bror hans.

Grimelund vart cand. theol. og var så i nokre år gardbrukar. Frå 1844 til 1852 var han prest. Perioden 1852-61 var han lærar i pastoralteologi, homiletikk og liturgikk ved det praktisk-teologiske seminar i Christiania.

Grimelund var biskop i Trondheim frå 1861 til 1883. Han var medlem av ein salmebokkomite og to salmebokkommisjonar. I 1852 gjaldt det ei revidering av Evangelisk-christelig Psalmebog. [1] Den fyrste salmebokkommisjonen, 1865, skulle vurdere eit utkast til salmebok frå Magnus Brostrup Landstad.[2] I 1868 fekk ein ny kommisjon, med same medlemene, i oppgåve å vurdere eit salmebokutkast valt ut av Andreas Hauge.[3] Elles skreiv han om praktisk teologi.

Han døydde i Kristiania i 1896. Sonen Johannes Grimelund var i samtida ein kjend kunstmålar.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Grimelund vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1862 og fekk kommandørkrossen av 1. klasse i 1873.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972
  • Molland, Einar:Norges kirkehistorie i det 19. århundre, I-II. 1979

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges kirkehistorie i det 19. århundre II, s. 75
  2. Norges kirkehistorie i det 19. århundre II, s. 77f
  3. Norges kirkehistorie i det 19. århundre II, s. 84
  4. Arne Bugge Amundsen. «Andreas Grimelund». Norsk biografisk leksikon. Henta 7. mars 2016.