Andreas Guttormsen Egge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Guttormsen Egge

Fødd4. juni 1816
Lier
Død11. november 1893 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Andreas Guttormsen Egge (4. juni 181611. november 1893) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Lier i Buskerud. På Stortinget var han medlem av Venstre. Johan Hyggen var ein brorson.

Far hans var gardbrukar på Helgerud i Lier. Sjølv vart han i 1839 eigar av garden Egge, busette seg der to år seinare. Han var medlem av heradsstyret i over 30 år, ordførar frå 1856 til 1880. Elles hadde han mange kommunale verv og var forlikskommissær i tolv år.

Egge var stortingsmann frå Buskerud 1871-73 og 1877-88. Bolken 1871-73 var han medlem av justiskomite nr 1. Heile perioden 1877-88 var han medlem av Lagtinget og attåt var han medlem av justiskomiteen 1877-82 og gasje- og pensjonskomiteen 1883-88. I 1883-84 var han medlem av riksretten mot statsminister Christian Selmer, der han var den fyrste som røysta over domsslutninga.

Han døydde på garden sin i 1893.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]