Andreas Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Hansen
Fødd19. oktober 1857
Hå kommune
Død31. mars 1932
NasjonalitetNoreg
Yrkegeolog
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Andreas Martin Hansen (fødd 19. oktober 1857 på Nærbø, død 31. mars 1932 i Oslo) var ein norsk geolog, etnograf og statsstipendiat. Hansen er kjend både for teoriane sine om bresjøar, og for engasjementet sitt i studiet av kortskallar og langskallar, kraniometri.

Hansen var presteson og voks opp i Levanger og Trondheim. Han tok artium i 1875, og vart cand.real. i 1881. Deretter arbeidde han fram til 1898 ved Universitetsbiblioteket i Oslo, etter kvart som amanuensis. Han høyrte til eit positivistisk, darwinistisk miljø, som mellom anna omfatta G.O. Sars, Ernst Sars og Amund Helland. Foredraget hans Den yngre akademiske Slægt og de moderne Ideer i Studentersamfundet i 1882 er i tittelen sin karakteristisk.

Hans doktoravhandling Strandlinje-studier (1891) er ein banebrytande og framleis gyldig teori om landskapsforming med bresjøar, eller bredemte sjøar: Isbrear som utgjorde restar av innlandsisen demde opp vatn til sjøar som verka landskapsformande.

Den andre hjartesaka til Hansen var kraniometriske studiar av kortskallar og langskallar, og då han vart utnemnd til statsstipendiat i 1908 var det for å studere norsk antropologi. Han var allsidig orientert og engasjert, og Kjeldstadli skriv at «Han hadde en tidstypisk ambisjon om en helhetsvitenskap som skulle gi svar på de 'store' spørsmålene, et prosjekt i grenselandet mellom kunnskapsmengde, ideologi og dilletanteri.»

Han vart medlem av Vitskapsakademiet i 1910.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Kjeldstadli. «Andreas Hansen» I: Norsk biografisk leksikon.
  • Om seter eller strandlinjer i store høider over havet. 1885
  • Strandlinje-studier. 1891
  • De kvartære klimat-skifter og excentricitets-teorierne. 1894
  • Norsk folkepsykologi : med politisk kart over Skandinavien. 1899
  • Landnåm i Norge : en utsigt over bosætningens historie. 1904
  • Oldtidens nordmænd : ophav og bosætning. 1907
  • Bre og biota. 1929

Kjelder[endre | endre wikiteksten]