Andreas Hansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Hansson

Fødd23. september 1853
Død14. oktober 1923 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Andreas Hansson (23. september 185314. oktober 1923) var ein norsk handelsmann, pressemann og stortingsrepresentant frå Tromøy i Aust-Agder. Han var medlem av Venstre.

Hansson var son til ein gardbrukar og snikkar på Gjerstad i Tromøy. Tretten år gammal reiste han til Vigsnes i Karmøy og var gruvearbeidar i eit års tid. Åra 1869-71 var han krambusvein same staden. Deretter var han sjømann 1872-73 og gjekk folkehøgskule 1873-74. Frå 1874 til -77 var han på ny tilsett på krambu, medan han i perioden 1877-86 var landhandlar heime på Tromøya. 1886-88 var han redaktør av Samholds Avis i Arendal. Frå 1888 var han både utgjevar og redaktør av avisa Folketanken som kom ut i Risør frå 1889. Han leia avisa heilt til han døydde.

Hansson var medlem av bystyret i Risør frå 1897, skulestyreformann og frå 1912 forlikskommissær, og vart ordførar i Risør i 1922. Dei to stortingsbolkane mellom 1903 og 1909 representerte Hansson Risør til Stortinget. I den første bolken var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i den andre sekretær i sosialkomiteen Han fekk på ny sete i Stortinget for valperioden 1916-18, då sekretær i justiskomiteen. Heile tida som tingmann representerte han Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

[[Kategori:Norske redaktørar[[