Andreas Hofgaard Winsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Hofgaard Winsnes

Andreas Hofgaard Winsnes (A. H. Winsnes) (25. oktober 18899. juli 1972) var ein norsk litteratur- og idéhistorikar. Han vart fødd i Nord-Odal kommune, men voks opp på Toten og i Sør-Fron kommune. Han tok doktorgraden i 1920 med ein avhandling om Johan Nordahl Brun, vart professor i europeisk litteratur ved Det Kongelige Frederiks Universitet frå 1938 og professor i idéhistorie 19461959.

194042 og 194546 var han redaktør for Samtiden. Som forfattar er han særleg huska for biografien om vennen Sigrid Undset, og for sitt bidrag til Norges litteraturhistorie, kjend som Bull-Paasche-Winsnes-Houm. Winsnes var ein aktiv riksmålsmann, og var blant skiparane av Det Norske Akademi i 1953. I Mykle-saka vitna han for påtalemyndigheten mot forfattaren Agnar Mykle og Sangen om den røde rubin.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske roman i 1870–80-aarene (1920)
  • Det norske selskab: 1772–1812 (1924)
  • Niels Treschow: en opdrager til menneskelighet (1927)
  • Skillelinjer: fem artikler om samtidig tenkning (1929)
  • Den annen front: engelske idealister (1932)
  • Norges litteratur: fra februarrevolutionen til verdenskrigen (bd. 5 av Norges litteraturhistorie, 1937)
  • Sigrid Undset: en studie i kristen realisme (1949)
  • Diktning og livssyn (1949)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]