Andreas J.H. Moan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas J.H. Moan
Fødd 22. april 1882
Død

6. desember 1959

Yrke politikar

Andreas Johan Hagerup Hansen Moan (22. april 18826. desember 1959) var ein norsk arbeidar, småbrukar og stortingsmann frå Fauske. Han var stortingsmann for Nordland fylke og Arbeidarpartiet i tida frå 1922 til 1945.

Moan var son til ein gardbrukar. Frå han var 16 år gammal arbeidde han i ti år som stein- og gruvearbeidar, sist i Sulitjelma. I 1908 slo han seg ned og bygde småbruket Moan, ein parsell utskild frå farsgarden Kvitblikk.

I 1910 vart Moan vald inn i heradsstyret i Fauske, seinare ordførar i heradet åra 1916-19. Frå 1922 representerte han Nordland på Stortinget til 1945. På Tinget var han medlem 1922-27 i Kyrkje- og skulekomiteen, 1928-36 i Landbrukskomiteen (nestformann 1931-36) og 1937-45 i Finans- og tollkomiteen. Han var også lagtingspresident i 1928 og frå 1937 til -45. Saman med andre medlemer av presidentskapet på Stortinget deltok Moan i juli og september 1940 i riksrådsforhandlingane med den tyske okkupasjonsmakta. I 1945 var han formann i landsstyret i Arbeidarpartiet.

Moan hadde over år ei mengd kommunale tillitsverv i Fauske. På statleg nivå kan nemnast at han var medlem i Den departementale kornkomite av 1928, Jordlovkomiteen av 1935 og Potetlovkomiteen frå same året, Kraftforkomiteen av 1937 og Slaktehuskomiteen av 1948. Han var medlem av Omsetningsrådet frå 1935, og formann ei kort vinteren 1942, til dess han vart fjerna av NS-styret. Atter formann i frå 8. mai 1945.

Moan var ei tid formann i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]