Andreas Küttel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Küttel

Andreas Küttel Oberstdorf 2006.jpg

Statsborgarskap Sveits
Fødd 25. april 1979
Einsiedeln
Idrett skihopping
Yrke gymnastikklærer, skihoppar

Andreas Küttel (fødd 25. april 1979) er ein sveitsisk, tidlegare skihoppar frå Einsiedeln. Han vart verdsmeister i normalbakken under ski-VM 2009. I 2006 vart han nummer tre i verdscupen i skihopping. Frå 2002 til 2010 vart han seks gongar sveitsisk meister i skihopping.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Andreas Küttel i 2008

Küttel debuterte i verdscupen i byrjinga av desember 1995. Allereie to veker etter debuten kom han på fjerdeplassen i eit renn i Chamonix i Frankrike, men makta ikkje fylgje opp i resten av sesongen. Åra deretter klarte han ikkje å hamle opp med verdseliten, men i storbakkerennet under OL 2002 i Salt Lake City kom han på ein svært overraskande sjetteplass. I januar 2004 kom han fyrste gongen på pallen i eit verdscuprenn då han vart nummer tre i Liberec i Tsjekkia, i eit renn som gjekk under vanskeleg tilhøve. Ganske nøyaktig eitt år seinare fekk han ein ny tredjeplass, då han i Willingen i Tyskland einast hadde Janne Ahonen og Martin Höllwarth framom seg på resultatlista.

Küttel vann sin fyrste verdscupsiger i storbakken på Lillehammer 3. desember 2005, nøyaktig på dagen ti år etter han vart nummer 23 i same bakken den helga han debuterte i verdscupen. Han sette ny bakkerekord med 139 meter i andre omgang og slo Jakub Janda med 0,1 poeng. Ei veke seinare tok han i Harrachov sin andre verdscupsiger. Under OL 2006 i Torino kom han på femte plass i normalbakken i Pragelato og vart nummer seks i storbakken. I byrjinga av mars månad vann han sin tredje verdscupsiger då han gjekk til topps i Kuopio føre Thomas Morgenstern. Sesongen 2005/06 kom han på tredjeplass i verdscupen, bakom vinnaren Jakub Janda og Janne Ahonen.

I 2007-sesongen vann Küttel nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen, og fekk elles tre andreplassar i verdscupen. Også i 2007/08-sesongen fekk han ein siger i verdscupen, då han straks før jul i Engelberg sigra føre fire austerrikske hopparar. Seinare i sesongen fekk han to til pallplassar, ein tredjeplass og så på Lillehammer ein andreplass. I 2009-sesongen kom ikkje Küttel på pallen i noko verdscuprenn, derimot vart han verdsmeister i skihopping under VM i Liberec. Han vann då rennet i storbakken framom Martin Schmitt frå Tyskland og Anders Jacobsen, ei tevling som vart avvikla over ein einaste omgang, grunna vertilhøva.

Sesongane 2010 og -11 klarte ikkje Küttel å hevde seg mot verdseliten i skihopping, og han la opp i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]