Andreas Karset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Karset
Fødd 27. januar 1859
Død

5. oktober 1914

Yrke bonde, politikar

Andreas Kristensen Karset (27. januar 18595. oktober 1914) var ein norsk næringsleiar og stortingsmann frå Vang på Hedmark. Han var medlem av Venstre.

Karset var son til ein gardbrukar. I unge år gjekk han både amtsskulen og Sagatun Folkehøyskole. I 1884 vart han rekneskapsførar og disponent for Vangs brenneri, ei stilling han hadde til 1909. Frå 1900 var han gardbrukar på storgarden Nordre Hoel i Vang. Han kjøpte elles opp fleire andre gardar i Vang og var eigar av dei.

Karset vart medlem av heradsstyret i Vang fyrste gongen i 1891, han var ordførar 1899-19??. I 1906 representerte han Hedmark ved kongekroninga i Trondheim.

Karset var Hedemarkens amt sin 5. representant til Stortinget 1900-03. Etter ei kort tid i budsjettkomiteen var han frå 6. november 1900 medlem av tollkomiteen. Utanom stortingsvervet var han medlem av fleire statlege utval, mellom dei departementale komitear om sal av øl-, vin- og brennevin i 1897, 1899 om skattelova og 1901 om skattlegginga av øl og brennevin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]