Andreas Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Lund


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mai 1975 (48 år)
Kristiansand kommune
Idrett fotball

Torkjell Andreas Lund (fødd 7. mai 1975) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Kristiansand. Han var midtspiss og ein av dei flittigaste målskårarane i norsk fotball i åra fram mot 2000. I den norske eliteserien skåra han 55 mål på 99 kampar, dessutan stod han for 4 nettkjenningar på 8 landskampar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Lund var frå 1992 til -94 aktiv i Vigør, eit lag på nivå 4 i seriesystemet. Etter to sesongar, 37 kampar og 13 skåringar, for IK Start vart han hausten 1996 overført til Molde Fotballklubb mot 1,25 millionar kroner. Frå 1997 til og med 1999 skåra han 42 mål på 62 kampar for Molde. Hausten 1999 møtte laget Real Mallorca til kvalifiseringskamp til meisterligaen. På bortebane utlikna Lund til 1–1 og sikra Molde plass i meisterligaen. I denne skåra Lund tre mål mot Olympiakos Pireus, eitt i Hellas og to i Molde, utan det sikra avansement.

I februar 2000 vart Lund overført til engelske Wimbledon FC, mot 2,8 millionar engelske pund. Etter eit mislukka opphald i England, som enda med nedrykk for klubben, vende Lund tilbake til Molde FK. Langvarig, alvorleg kneskade gjorde at han spelte sin siste kamp våren 2001.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I tida 20. mai 1999 til 4. februar 2000 deltok Lund i åtte landskampar. Han var innbytar i dei sju fyrste og vart bytta ut i den åttande og siste. Noregs lag vann fem av desse kampane, og tapte berre mot Tyskland. I debutkampen skåra Lund eitt av Noregs seks mål mot Jamaica, i den neste kampen vart han kampvinnar då Noreg slo Litauen 1–0. 2. februar 2000 skåra Lund to av måla då Danmark vart slått 4–2 i Spania.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Sølv i eliteserien: 1998 og 1999 med Molde FK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]