Andreas Morell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Morell
Ordfører Andr Morell Aker.jpg
Fødd 1. januar 1868

Aker

Død 30. januar 1948
Oslo
Parti Høgre
1. verv Norsk sosialminister
 - periode 1926–1928
 - regjering Lykke
 - føregangar Lars Oftedal
 - etterfylgjar Alfred Madsen
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1919–1927
3. verv Ordførar i Aker
 - periode 1902–1907, 1911–1916
 - etterfylgjar Frits Kiær, Sigurd Iversen
Peter Andreas Amundsen Morell signatur.jpg

Peter Andreas Morell (fødd Amundsen) (1. januar 186830. januar 1948) var ein norsk gardeigar og Høgre-politikar. Han var sosialminister frå 1926 til 1928.

Morell var fødd i Christiania, far hans var brukseigar. Etter å gått på Ås høiere landbruksskole, arbeidde han på faren si mylne, Bjølsen Valsemølle. Han overtok farsgarden Nedre Grefsen i 1890, seinare kjøpte han gardane Storo og Østre Grefsen. Etter tilhøva dreiv han moderne gardsbruk, tok mellom anna tidleg i bruk elektriske anlegg i gardsdrifta. Han drog ofte utanlands, både på studieturar og feriereiser.

Morell var medlem av heradsstyret i Aker 1895-1909 og 1911-16, ordførar i Aker 1902-07 og 1911-16.

Han var 1. varamann til Stortinget mellom 1903 og 1912, og møtte større delar av perioden 1904-06. 1905-06 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Han fekk fast stortingsplass i 1919, og sat fram til 1927. Nestformann i protokollkomiteen 1919-20. I perioden 1920-26 var han formann i sosialkomitéen. Morell var sosialminister i Ivar Lykke si regjering frå 1926 til 1928. Sidan var han frå 1928 til 1938 stempelpapirforvaltar.

Morell vart tildelt både 7. juni-medaljen, Kongens fortjenstmedalje i gull, Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje og storkorset av Dannebrogordenen.

Han døydde i Oslo i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]