Andreas Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1791
Død

3. april 1845 (54 år)

Yrke skribent, politikar, jurist
Språk norsk

Andreas Schram Olsen (16. februar 17913. april 1845) var ein norsk embetsmann, stortingsmann og forfattar frå Bergen. Han var far til Rolf Olsen.

Andreas Olsen var fødd i Bergen, der far hans i si tid var politimeister. Sjølv vart han student frå katedralskulen i byen i 1810. Han reiste så til København, der han vart cand. jur. i 1813.

I 1814 kom Olsen tilbake til Noreg, vart prokurator året etter. Han vart i 1818 protokollsekretær for Høgsterett, justissekretær for same i 1820. År 1823 vart han byfut i Bergen, og attåt dispasjør i 1824. Frå 1831 til han døydde var han byfut i Larvik og Sandefjord og sorenskrivar i Larvik.

Olsen var stortingsrepresentant for Bergen i 1830, og for Larvik og Sandefjord i 1833. Både i 1830 og 1833 var han president og visesekretær i Lagtinget. I 1830 var han mellom anna formann i Tollkomiteen, i 1833 medlem av Justiskomiteen og av komiteen om kjøpstadskatten. Også til Stortinget 1836 vart han vald, men sa frå seg valet.

Olsen gav ut diktsamlingane Vaarblomsten, 1814, og Digte, 1816.

Han døydde i Larvik i 1845.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914