Andreas P. Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas P. Moe
Fødd 26. juli 1852
Død

24. april 1929

Yrke politikar

Andreas Pedersson Moe (26. juli 185224. april 1929) var ein norsk bankmann og stortingsmann frå Vefsn. Han var medlem av Venstre.

Moe var son til ein snikkar. Han gjekk ut frå Tromsø seminar i 1874. Dei neste fire åra var han lensmannsfullmektig i Skjervøy, sidan hadde han same stilling i Trondenes i seks år. Frå 1881 var han heradskasserar i Trondenes og banksjef i Trondenes Sparebank. Han slutta som heradskasserar i 1898, men heldt fram som banksjef i mange år. Frå 1901 var han medlem av representantskapet i Noregs Bank.

Moe representerte Tromsø amtStortinget frå 1895 til 1903. Heile tida var han medlem av vegkomiteen, sekretær 1898-1903. 1897 var han med i den utvida tollkomiteen, 1898-1903 også medlem av valkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]