Andreas Romberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Romberg

Fødd27. april 1767
FødestadVechta
Død10. november 1821 (54 år)
DødsstadGotha
OpphavFyrstbispedømmet Münster
Sjangeropera
Instrumentfiolin
Verka somkomponist, fiolinist, dirigent
BornCyprian Romberg

Andreas Romberg (fødd 27. april 1767 i Vechta i Oldenburg, død 10. november 1821 i Gotha, Thüringen) var ein tysk komponist og fiolinist, søskenbarn av Bernhard Romberg. Andreas Romberg spelte ein fiolin av Antonio Stradivari.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Andreas Romberg kom frå ein musikalsk familie. Han lærte å spela fiolin av far sin, Heinrich Romberg, som var militærmusikar og spela både klarinett og fiolin. Andreas opptrådte offentleg første gongen som seksåring. I tillegg voks han opp saman med den jamgamle fetteren Bernhard Romberg, som spela cello, og i 1774 vart dei to fetrane for fyrste gong sett til å opptre saman under det falske namnet "dei yngre Romberg-brørne". Dei reiste også til Amsterdam for å halda konsertar, saman med Heinrich. Familien reiste på fleire turnear rundt om i Europa i oppveksten. I 1782 vart begge fetrane tilsette ved kapellet i Münster. Andreas Rombergs fyrste komposisjon, to soloar for fiolin, stammar frå dette året.

I 1790 vart Andreas Romberg medlem av hoffkapellet i Bonn med komponisten Andrea Luchesi som kapellmeister. Romberg oppheldt seg ved kapellet samtidig med den unge Ludwig van Beethoven. I 1793 fullførte Romberg her eit oratorium basert på Der Messias av Friedrich Gottlieb Klopstock. Same året flytte Romberg til Hamburg der han vart med i operaorkesteret. Ved denne operascenen vart Andreas Rombergs første opera, «Der Rabe» (Ramnen) urframført i 1794.

Etter å ha reist til Italia og Wien samt opphalde seg ein periode i Paris, slo Romberg seg ned i Hamburg, der han vart ein sentral figur i det lokale musikklivet. I 1815 overtok han etter Louis Spohr som konsertmeister ved hoffkapellet i Gotha i Thüringen. Her døydde han etter lang tids sjukdom i 1821.

Andreas Romberg komponerte både symfoniar, konsertar og andre orkesterverk, operaer, verdsleg og kyrkjeleg vokalmusikk, kammermusikk og lieder. Ein kronologisk bibliografi over verka etter Andreas Romberg vart utgjeven av Kurt Stephenson i 1938.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]