Andrej Andrejevitsj Gromyko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andrei Andrejevitsj Gromyko
Andrei Gromyko 1972.jpg
Andrei Andrejewitsch Gromyko i 1972.
Sovjetiske utanriksministrar
Regjeringstid1957–1985
Fødenamnrussisk Андре́й Андре́евич Громы́ко, kviterussisk Андрэй Андрэевіч Грамыка
PartiSovjetunionens kommunistiske parti
Fødd5. julijul./ 18. juli 1909greg.
FødestadStaryja Hramykі
Død1. april 1989
DødsstadMoskva
BarnAnatolij Gromyko, Emilia Andreevna Gromyko
MedlemPolitbyrået i Sovjetunionen
FøregangarVasilij Kuznetsov
EtterfølgjarEduard Sjevardnadze

Andrej Andrejevitsj Gromyko (18. juli 9092. juli 1989) var ein sovjetisk politikar og diplomat. Han var utanriksminister i Sovjetunionen frå 1957 til 1985. Frå 1983 til 1985 var han medlem av det sovjetiske ministerrådet, frå 1985 til 1988 var han ordførar for Det øvste sovjets presidium. Gromyko var medlem av politbyrået i sentralkomiteen til kommunistpartiet frå 1973 til 1988.

Gromyko var sojvetisk ambassadør i Washington frå 1943 til 1946 og fast representant for Sovjetunionen i Tryggleiksrådet 1946–48. Han var viseutanriksminister 1947, første viseutanriksminister 1949–52 og ambassadør i London 1952–53. Etter at Stalin døydde var han igjen første viseutanriksminister 1953–57, utanriksminister 1957–85, og visestatsminister 1983–85. Kort tid etter at Gorbatsjov kkom til makta i 1985 blei Gromyko utnemnd til president, ein retrettpost utan reell makt. I 1988 trekte han seg tilbake frå politikken.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Andrej Andrejevitsj Gromyko», Store norske leksikon, 22. oktober 2015, henta 27. januar 2017