Andrej Arsjavin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Андрей Аршавин
Andrej Arsjavin
Andrei Arshavin 2008.jpg
Personleg informasjon
Namn Andrej Sergejevitsj Arsjavin
(russisk: Андрей Сергеевич Аршавин)
Fødselsdato 29. mai 1981
Fødestad Leningrad (no St. Petersburg) i Sovjetunionen (no Russland)
Høgd 172 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Arsenal
Draktnummer 23
Ungdomsklubb
1997-99 Flag of Russia.svg Zenit St. Petersburg
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2009
2009-
Flag of Russia.svg Zenit
Flag of England.svg Arsenal
238 (51)
46 (18)
Landslag**
2002- Flag of Russia.svg Russland 54 (16)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 11. september 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 8. september 2010.

Andrej Sergejevitsj Arsjavin (fødd 29. mai 1981 i Leningrad) er ein russisk fotballspelar, som spelar for Arsenal i engelsk Premier League, og for det russiske landslaget.

Arsjavin vart seriemeister i Russland med Zenit St. Petersburg i 2007, og vann UEFA-cupen med den same klubben i 2008. Han vart kåra til årets russiske spelar i 2006.

Arsjavin debuterte for Russland sitt A-landslag 17. mai 2002 i ein kamp mot Kviterussland. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Romania i ein privatlandskamp 13. februar 2003. Han var med i Russland sin tropp til fotball-EM i 2008, sjølv om han var suspendert i dei to første kampane. Han spelte i dei tre gjenverande kampane til Russland i turneringa, og skåra to mål, då Russland gjekk til semifinalen. 11. juni 2009 vart han landslagskaptein for Russland.