Andrej Kantsjelskis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrej Kantsjelskis
Personleg informasjon
Fullt namn Andrej Antanassovitsj Kantjelskis
Fødd 23. januar 1969 (55 år)
Fødestad Kirovograd i Sovjetunionen (no Ukraina)
Høgd 178 cm
Posisjon

Yttermidtbanespelar

Skotfot: Høgre
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988-1990 Dynamo Kiev 22 (1)
1990-1991 Sjakhtar Donetsk 21 (3)
1991-1995 Manchester United 123 (28)
1995-1997 Everton 52 (20)
1997-1998 Fiorentina 26 (2)
1998-2002 Rangers 76 (13)
2001Manchester City (lån) 10 (1)
2002-2003 Southampton 1 (0)
2003 Al-Hillal 3 (0)
2004-2005 Saturn Moskva 39 (4)
2006 Krylja Sovetov 24 (1)
Totalt 397 (72)
Landslag
1989-1991 Sovjetunionen 17 (3)
1992 Samveldet av uavhengige statar 6 (0)
1992-1998 Russland 36 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Andrej Antanasovitsj Kantsjelskis (fødd 23. januar 1969) er ein russisk tidlegare fotballspelar, fødd i Kropyvnytskyj i dagens Ukraina. Han er framom alt kjend for sine fire suksessrike sesongar i engelske Manchester United, 1991-95. Kantsjelskis var ein kjapp og arbeidsam kantspelar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kantsjelskis spelte på [[Dynamo Kiev]9 i 1988 og på Sjakhtar Donetsk i 1990. I april 1991 fekk han kontrakt med Manchester United og debuterte for laget 11. mai. Dei neste sesongane skapte han mange sjansar frå sin posisjon på høgrekanten. Han var med om å vinne ligacupfinalen 1992 med 1-0 over Nottingham Forest, og bidrog mykje til at Manchester United vann den engelske ligaen i 1993 og i 1994. Våren 1994 vart han elles utvist i sluttminuttane av ligacupfinalen mot Aston Villa, etter å ha handsa. Aston Villa fekk straffespark og Villa-spissen Dean Saunders fastsette sluttresultatet til 3-1. Sju veker seinare gjekk det mykje betre for United og Kantsjelskis, i FA-cupfinalen vann Manchester-laget heile 4-0 over Chelsea FC. Sesongen 1994/15 var Kantsjelskis lagets toppskårar i ligaen med sin 15 nettkjenningar.

Etter å ha kome på kant med Alex Ferguson, lagsjefen i Manchester United, vart Kantsjelskis sommaren 1995 overført til FA-cupmeisteren Everton FC. I sin fyrste sesong på Everton skåra han 16 mål og vart, med sitt offensive spel, ein populær spelar hos Everton-fansen. Den neste sesongen gjekk det tråare, og i januar 1997 gjekk ferda til den italienske klubben Fiorentina, mot eit vederlag på £8 millionar. Han vart verande i Fiorentina i halvtanna år, ei tid prega av ankelskadar etter å ha vorte utsett for fleire råe taklingar.

Frå hausten 1998 spelte Kantsjelskis på skotske Rangers FC, der han hadde plass i fyrsteellevaren i to sesongar. Han var då med å vinne ligaen og cupmeisterskapen begge sesongane. Etter 2000 fekk han lite speletid og var innom Manchester City og Southampton FC, før han i 2004 reiste til Russland. Her var han aktiv på Saturn Moskva i 2004-05, og i Krylia Sovetov i 2006.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kantsjelskis spelte 23 landskampar for Sovjetunionen i tida 1989-92. I sin tredje landskamp skåra han det fyrste målet då Noreg vart slått 2-0 i ein EM-kvalifiseringskamp 12. september 1990. Hausten 1991 skåra han ytterlegare to mål i EM-kvalifiseringskampar, derimot kom han ikkje på skåringslista under Fotball-EM 1992, der det sovjetiske fotballandslaget gjorde ein bleik figur i lagets siste kampar.

Frå 1993 valde Kantsjelskis å spele for Russland sitt landslag. I åra fram til 1998 deltok han i 36 landskampar. Ein konflikt med landslagssjefen gjorde at han ikkje kom med i troppa til VM i fotball 1994. Gjennom den seks år lange perioden skåra Kantsjekskis fire landslagsmål og deltok i to kampar i EM i fotball 1996. Dermed enda han opp med totalt 59 landslagsoppdrag og 7 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk ligameister: 1993 og 1994 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1994 med Manchester United
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1992 med Manchester United
  • Skotsk ligameister: 1999 og 2000 med Rangers FC
  • Skotsk cupmeister: 1999 og 2000 med Rangers FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]