Andrej Perlov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrej Perlov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 12. desember 1961 (62 år)
Novosibirsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Andrej Borisovitsj Perlov (fødd 12. desember 1961) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Novosibirsk som i 1990 vart europameister og 1992 olympisk meister i 50 km kappgang. Han representerte Sovjetunionen.

Perlov vann gullmedaljen på 50 km kappgang under Friidretts-EM 1990 i Split, med Bernd Gummelt og Hartwig Gauder frå Aust-Tyskland på dei andre medaljeplassane. 50-kilometeren i Tokyo-VM 1991 starta klokka sju om morgonen, grunna høg temeperatur og framfor alt 97 % luftfukt. Etter at Perlov og lagkameraten Aleksandr Potasjov hadde opparbeidd eit klart forsprang, gjekk dei jamsides over mållinja med armane over skuldrane til einannan. Etter målfoto vart gullmedaljen til Potasjov og sølvet til Perlov. Året etter vann Perlov ein klar siger 50 km under Sommar-OL 1992 i Barcelona, med tiden 3.50.13, klart foran meksikaneren Carlos Mercenario og tyske Ronald Weigel.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1990 i Split: Gullmedalje – 3.54.36, framom Bernd Gummelt (3.56.33)
  • VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje – 3.53.09, bakom Aleksandr Potasjov (same tid)
  • OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 3.50.13, framom Carlos Mercenario (3.52.09)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]