Andrej Sannikaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andrej Sannikaw
Sannikov1.jpg
Fødd8. mars 1954
Minsk
Statsborgar avKviterussland, Sovjetunionen
Yrkediplomat, aktivist, politikar
Utdanna vedDet statlige lingvistikkuniversitet i Moskva
EktefelleIryna Khalip

Andrej Aljehavitsj Sannikaw, kviterussisk Андрэй Алегавіч Саннікаў, russisk Andrej Olegovitsj Sannikov (fødd 8. mars 1954 i Minsk) er ein kviterussisk politikar og samfunnsaktivist. Han var kandidat ved presidentvalet i Kviterussland i 2010, og kom på 2. plass ifølgje dei offisielle resultata. Frå 2012 har han budd i eksil i London.

Sannikaw vart utdanna ved fakultetet for omsetjing ved Statsinstituttet for framandspråk i Minsk, der han var ferdig i 1977. Han jobba på V.I. Kozlov elektrotekniske fabrikk i Minsk, og deretter i Pakistan og Egypt for oljeselskap og under bygging av ein aluminiumsfabrikk. I 1980-81 jobba han for Foreininga for internasjonalt vennskap. Frå 1982 til 1987 var han i New York ved FN-hovudkvarteret, og i 1989 fullførte han ei utdanning ved diplomatakadameiet til Sovjetunionens utanriksdepartement i Moskva.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen, då Kviterussland vart sjølvstendig, jobba Sannikaw 1993 til 1995 i den kviterussiske ambassaden i Sveits, før han vart viseutanriksminister i Kviterussland i 1995, tidleg i regjeringstida til den autoritære presidenten Aljaksandr Lukasjenka. Han gjekk av i 1996 i samband med ei folkerøysting som gav meir makt til presidenten. Etter dette har han vor i opposisjon til presidenten og har vore med på å organisera protestaksjonar ved fleire høve, til dømes etter dei forfalska parlaments- og presidentvala i 2001, 2004, 2006 og 2008. Frå 1998 til 2002 var han rektor for Folkeuniversitetet, eit uformelt utdannings- og folkeopplysningsprosjekt.

I 2008 var Sannikaw ein av initiativtakarane til kampanjen Europeisk Kviterussland, som går inn for at Kviterussland skal bli medlem av Den europeiske unionen.[1] 18. november 2010 registrerte han seg offisielt som presidentkandidat ved valet i Kviterussland 19. desember 2010.[2] Etter dei offisielle valresultata kom han på andre plass, med 2,4 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. På kvelden den 19. eller natta den 20. desember vart han arrestert saman med kona, Iryna Khalip, i samband med at opposisjonen sin demonstrasjon mot valresultatet vart slått ned av opprørspolitiet. Ifølgje menneskerettsorganisasjonen Amnesty International vart han alvorleg skadd under arrestasjonen.[3] 11. januar 2011 vart han adoptert som samvitsfange av Amnesty International.[3] I mai 2011 vart Sannikaw dømt til fem års fengsel for å ha "organisert masseuro". USA og Europaparlamentet fordømte denne dommen.[4]

Sannikaw vart lauslaten frå fengsel i april 2012. Seinare same året flykta han til Storbritannia og fekk politisk asyl der. I november 2012 budde han i London.[5]

Sannikaw er gift med den framståande journalisten Iryna Khalip, og har to søner. I tillegg til kviterussisk snakkar han også russisk, engelsk og fransk. I 2005 vart han tildelt den austerrikske Bruno Kreisky-prisen for engasjementet sitt for menneskerettane.[6]

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå russisk wikipedia 11. mars 2011.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Пра кампанію «Еўрапейская Беларусь» // www.europeanbelarus.org, på kviterussisk
  2. Андрей Санников зарегистрирован кандидатом в президенты Беларуси // www.charter97.org, 18.11.2010, på russisk
  3. 3,0 3,1 Amnesty International på engelsk.
  4. "Кандидат в президенты отсидит как президент" frå Gazeta.ru, 16. mai 2011, på russisk
  5. Andrei Sannikov: democratic world is too complacent about Belarus frå The Guardian 23 november 2012 (på engelsk)
  6. BRUNO KREISKY PRIZE