Andrej Skvaruk
Andrej Skvaruk | |
Verkeleg namn | Андрій богданович Скварук |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 9. mars 1967 (57 år) Sjnyriv |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden |
Andrej Skvaruk (fødd 9. mars 1967) er ein ukrainsk tidlegare sleggjekastar som høyrde til mellom dei beste sleggjekastarane i verda eit tiårs tid fram til 2003. Han vann sølvmedaljen under VM i friidrett 1997 i Aten. Skvaruks personbeste på 82,62 meter er frå 2002-sesongen.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Skvaruk kasta sleggja over 80 meter fyrste gongen i 1992, då han fekk målt 80,22 m. Året etter forbetra han sitt personbeste til 80,80 m og i 1994 ytterlegare til 81,72 m. Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta vart han fjerdemann. Eitt år seinare vann han sølvmedaljen ved Friidretts-VM 1997 i Aten, tyske Heinz Weis kasta 32 cm lengre enn Skvaruk.
Sidan enda Skvaruk på femteplassen i VM 1999 i Sevilla, såvel som i VM 2001 i Edmonton og i EM 2002 i München. I 2001-sesongen sletta han med eit kast på 82,34 m sitt sju år gamle personbeste. Den 27. april 2002 i Kiev forbetra Skvaruk den personlege rekorden til 82,62 meter. Ved verdsmeisterskapen i Saint-Denis i 2003 vart Skvaruk nummer fire i sleggjeøvinga.
Han la opp i 2006.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 1993 i Stuttgart: Nr 12 (75,54 m i kvalifiseringa)
- EM 1994 i Helsinki: Nr 11 – 74,22 m
- OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 79,92 m
- VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 81,46 m, bakom Heinz Weis (81,78 m)
- EM 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (75,56 m =nr 14)
- VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 78,80 m
- OL 2000 i Sydney: Nr 10 – 75,50 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 79,93 m
- EM 2002 i München: Nr 5 – 80,15 m
- VM 2003 i Paris: Nr 4 – 79,68 m
- VM 2005 i Helsinki: Nr 9 – 76,01 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Andrij Skwaruk» frå Wikipedia på tysk, den 8. mai 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Andriy Skvaruk» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2020.