Andreja Grašič

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreja Grašič
Statsborgarskap Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 2. september 1971 (52 år)
Kranj
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Utmerkingar

Bloudek badge

Andreja Grašič, gift Andreja Koblar, (fødd 2. september 1971) er ein slovensk tidlegare skiskyttar fødd i Kranj i dåverande Jugoslavia. Ho var den fyrste utøvaren i skiskyting frå Slovenia som hevda seg mot verdseliten, ho vann eitt renn i verdscupen i kvar av sesongane 1996, 1997 og 1998. Ho er gift med Jernej Koblar, som deltok internasjonalt i alpine greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Grašič vart nummer seks på 7,5 km ved VM 1995 i Antholz og nummer fem på 15 km under Vinter-OL 1998 i Nagano. Mellom desse tevlingane vann ho tre tevlingar i verdscupen i skiskyting, alle på 15 km. Fyrste sigeren kom i Osrblie i Slovakia i 1996, deretter sigra ho på den komande OL-arenaen i Nagano i 1997, og til sist triumferte ho framfor svenske Magdalena Forsberg i Östersund.

År 1999 i Holmenkollen var Grašič ein av fire utøvarar som kjempa om VM-gullet på fellesstarten, men med fem strafferundar enda ho på fjerdeplassen, 2,1 sekundar bakom bronsevinnaren Magdalena Forsberg. Grašič vart sidan nummer sju på 15 km under VM i skiskyting 2001 i heimlege Pokljuka. Ho la opp i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]