Andrew Bonaparte-Wyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrew Bonaparte-Wyse
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 1. november 1870
Limerick
Død

1. juni 1940 (69 år)
Dún Laoghaire

Språk engelsk
Far William Bonaparte-Wyse
Mor Ellen Linzee Prout
Ektefelle Mariya Chripounoff

Andrew Reginald Nicholas Gerald Bonaparte-Wyse (1. november 18701. juni 1940) var ein irskfødd tenestemann i den britiske koloniadministrasjonen i Dublin, og katolsk unionist. Ved kløyvinga av Irland vart han overflytta til teneste i Belfast. Han var den einaste katolske tenestemannen i det nordirske regjeringsapparatet som steig i gradene til Permanent Secretary (øvste ikkje-politiske tenestemann, det vil seia tilsvarande departementsråd i eit norsk departement) før slutten av 1960-talet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Andrew Bonaparte-Wyse vart fødd i Limerick i Irland, faren William Bonaparte-Wyse, var poet. Oldefaren var Lucien Bonaparte (fødd Luciano Buonaparte), den siste presidenten for rådet av dei femhundre mot slutten av den franske revolusjonen. Han var dessutan eldre bror av den langt meir kjende Napoleon Bonaparte

Kjelder[endre | endre wikiteksten]