Andrew Hayden-Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrew Hayden-Smith
Fødd5. november 1983 (40 år)
FødestadGateshead
Aktive år1995–
Verka somprogramleiar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar

Andrew Hayden-Smith (fødd Andrew John Smith5. november 1983) er ein britisk skodespelar og programleiar frå Nordaust-England.

Hayden-Smith er fødd i Gateshead og voks opp i Chester-le-Street i County Durham. Han har ei eldre syster, Kerri Hayden, som tok del i fjernsynsserien Byker Grove. Under ei vitjing av settet blei Hayden-Smith oppdaga av prdousenten Matthew Robinson, som gav han rolla som Ben Carter. Hayden-Smith debuterte i serien i den åttande sesongen, i 1995. Han blei verande i serien i sju år.[1] Samstundes byrja han å ta del i programmet Live & Kicking på barnekanalen CBBC.

Opphavleg gjekk han berre under namnet Andrew Smith, men då han ville bli medlem av det britiske skodespelarlaget Equity i 2001 var dette namnet allereie teke. Han valde derfor å søka som Andrew Hayden-Smith, ettersom Hayden var eit anna namn i familien. Han annonserte endringa av scenenamnet sitt på Live & Kicking. Etterkvart fekk han programleiarroller ved BBC, og leia mellom anna UK Top 40.

I 2006 spelte han Jake Simmonds i fleire episodar av Doctor Who. Han bestemte seg for å gje opp programleiarrolla og satsa på skodesepl, og presenterte sitt siste CBBC-program dagen før sin tredje og siste Doctor Who-opptreden.[1] I april-mai 2008 spelte han Romeo i Romeo and Juliet ved Jermyn Street Theatre i London.

I 2014 og 2015 var Hayden-Smith med i Channel 4-serien Cucumber og E4-serien Banana, begge skrivne av Russell T Davies.[2] Han har også verka som kanalvert for ITV2 og gjort stemmearbeid for ande kanalar.[3] I tillegg har han skrive for bladet Attitude.co.uk.[4]

I juli 2016 byrja Hayden-Smith rolla som politimannen DS Gavin Armstrong i såpeoperaen Hollyoaks på Channel 4.

Hayden-Smith er open homofil. Han kom ut offentleg i 2004 i bladet Attitude, etter at ei tabloidavis hadde truga han med å skriva om legninga hans.[1] Han blei utnemnd til ei av dei mest innverknadsrike homofile og lesbiske britane av The Independent i 2006.[5]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle
1995–2003 Byker Grove Ben Carter
2002–2006 CBBC Seg sjølv
2004–2005 UK Top 40 Seg sjølv
2006 Doctor Who Jake Simmonds
2007 Peter Pan Peter Pan
2007 Cinderella Dandini
2013- PAW Patrol Chase UK and Ireland Version
2015 Banana Billy
2016–2017 Hollyoaks DS Armstrong

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Laurence Watts (25. mars 2011). «Interview: Andrew Hayden-Smith is grown up, single and returning to your TV». Pink News. Henta 3. juni 2018. 
  2. «Andrew Hayden-Smith to star in Russell T Davies's E4 series Banana». Digital Spy Ltd. 6. juni 2014. Henta 25. januar 2015. 
  3. Andrew Hayden-Smith, arkivert frå originalen 7. februar 2017, henta 3. juni 2018 
  4. Attitude Magazine >> Andrew Hayden-Smith, arkivert frå originalen 2. februar 2015, henta 3. juni 2018 
  5. «Gay Power: The pink list». The Independent. July 2006.