Andrew Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andrew Powell
Fødd18. april 1949 (71 år)
FødestadSurrey
OpphavStorbritannia
Instrumentpiano
Verka somdirigent, låtskrivar, musikkprodusent

Andrew Powell (fødd 18. april 1949) er ein engelsk komponist, arrangør og artist.

Powell arrangerte musikk for mange artistar, som på debutalbumet til Cockney Rebel, og artista rsom Leo Sayer, John Miles, Donovan, Cliff Richard (Miss You Nights), Al Stewart (Modern Times, Year of the Cat, Time Passages, Russians & Americans og Between the Wars), Ambrosia (Somewhere I've Never Traveled), David Gilmour, Chris Rea, Mick Fleetwood, The Hollies, Münchener Freiheit, og andre.

Han står òg oppført som medlem av The Alan Parsons Project på debutalbumet deira (Tales of Mystery and Imagination) i rolla som arrrangør, dirigent og komponist. Han fortsette å arbeide med dei som arrangør og dirigent på alle utanom eitt album. Etter gruppa vart oppløyst fortsette han å arbeide med Alan Parsons.

Powell produserte debutalbumet til Kate Bush, The Kick Inside (1978), med songen Wuthering Heights, og det andre albumet hennar, Lionheart (1978).

Andre artistar han har arbeidd med er mellom andre Chris De Burgh, Nick Heyward, Michael Crawford, Elaine Paige, The Hollies og Kansas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]