Andrew Qappik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrew Qappik
Statsborgarskap Canada
Fødd 25. februar 1964 (60 år)
Yrke grafikar

Andrew Qappik CM (fødd 25. februar 1964) er ein kanadisk inuittisk biletkunstnar, kjend for grafikk og for å ha utforma våpenskjoldet til Nunavut-territoriet.[1]

Qappik er fødd i Nunataq i Nordvestterritoria, no i Nunavut, og busett i Pangnirtung i Nunavut. Onklane hans Solomon og Imoona Karpik var også kunstnarar, og oppmuntra han til å teikna.[1]

Verka til Qappik viser både dyr og tradisjonell inuittisk kultur, som han har lært om frå eiga erfaring og soger frå bestefedrar og andre slektningar. Nokre av desse slektningane har også verka inn på den kunstnariske stilen til Qappik. Han føretrekk å framstilla realistiske eller naturalistiske scener frå arktisk liv og har ei instinktiv forståing for linjer, form og komposisjon, med bruk av lysare fargetonar med lite negativt rom.[2]

Qappik sine verk blir gjevne ut av Pangnirtung Print Shop, som er del av Uqqurmiut Centre for Arts & Crafts. Verka hans er blitt stilte ut ved fleire museum, mellom anna British Museum,[3][4][5][6][7] National Gallery of Canada,[8] Winnipeg Art Gallery,[1] Canadian Museum of History[9] og Dennos Museum Center.[10][11]

Han blei utnemnd til Member of the Order of Canada i 2017 for bidraga sine til utforminga av våpenskjoldet til Nunavut og logoar for Government of Nunavut og Nunavut Tunngavik Incorporated.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Past | Winnipeg Art Gallery». www.olympus.wag.ca. Arkivert frå originalen 8. januar 2021. Henta 5. januar 2021. 
  2. Thomson, Jane Sproull and Luke Ratzlaff "Andrew Qappik's Contemporary Arctic Visions", Inuit Art Quarterly 20 (2005): 10-16.
  3. «print | British Museum». The British Museum (på engelsk). Henta 5. januar 2021. 
  4. «print | British Museum». The British Museum (på engelsk). Henta 5. januar 2021. 
  5. Dex, Robert (9. januar 2020). «British Museum's new Arctic exhibition to show life in a cold climate». www.standard.co.uk (på engelsk). Henta 5. januar 2021. 
  6. «“Arctic: Culture and Climate” at the British Museum». airmail.news (på engelsk). Henta 5. januar 2021. 
  7. Foundation, Inuit Art. «How Culture and Climate Intersect: The British Museum’s Latest Exhibition». Inuit Art Foundation (på engelsk). Henta 5. januar 2021. 
  8. «Andrew Qappik». www.gallery.ca (på engelsk). Henta 5. januar 2021. 
  9. «Search the Collections | Canadian Museum of History» (på engelsk). Henta 5. januar 2021. 
  10. «Prints of Andrew Qappik :: The Dennos Museum Center». www.dennosmuseum.org. Henta 5. januar 2021. 
  11. «Cape Dorset Print Collection exhibit begins October 19 | NMC Communiqué». blogs.nmc.edu. Henta 5. januar 2021. 
  12. «Louie Kamookak among several Northerners honoured with Order of Canada appointments». CBC News. 29. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]